Randi Fuglehaug
BildebøkerFamilieforholdFlyktningerPapegøyer
Papelina og familien må reise frå heimen sin. Papa Gøye seier dei skal ut på eit topphemmeleg eventyr. Det einaste Papelina får vite, er at dei skal til eit nydeleg fugleslott. Det blir ei lang og slitsam reise, og Papelina skjønar ikkje kvifor Papa Gøye ikkje kan slutte å tulle og fjase. Dette er ei historie om flukt, familie og vennskap. Og om kva det vil seie å vere heime. Billedbok for småskole-/mellomtrinnet. Omtalen er utarbeida av BS.