Neste
Bok

Søv berre når du søv

Dikt

Harrison, Ellen Løvhaug2023
Dikt

Ei dotter sit i Noreg og ser på filmopptak av ein far og ei tid i USA ho knapt kan hugse. I heimefilmane ser ho eit skjær av det livet faren såg for seg då mora, storesystera, ho og han var ein familie. Dette er eit ømt og stilsikkert portrett som forsøker å halde fast på ein person, på tvers av grenser mellom død, liv, hav og tid. Det er ei familiehistorie som ikkje forsøker å forstå kvifor ting vart som dei vart, men som ser etter varmen og nærleiken i slik det var. «Søv berre når du søv» er ei moden debutbok om å mane fram eit minne ein kan sakne, og gjennom det verte kjend med og verne om kjærleiken til ein far.

    BarndomFamilielivSårPoetiskTilbakeskuendeLangsomt tempoTap av nærstående person

Lignende bøker:

Nestebok er utviklet av Biblioteksentralen

Savner du en bok? Be bibliotekaren din om å legge den inn på Forrigebok.no