Neste
Bok

Soga om Fråid

Hans meiningar og livskjensle som også inneheld somme salige stundar

Høvring, Mona
RomanerTenåringsgutterFamilielivStemødre

Dette er forteljinga om tenåringen Fråid og familien hans. Fråid sin far jobbar som skippar og er mykje borte. Elles består familien av storebroren Terje Eddipus og veslesøstera Eva. Medan faren er ute på reise, er det Fråid som er sjefen i huset. Men alt endrar seg då stemora Demona de Sjavy flyttar inn. Ho er oftast i dårleg humør, men Fråid likar henne likevel. Han beundrar henne for å vere så uredd, og han føler at han må ta seg av henne. Guten bestemmer seg for at han skal vere den fyrste som får Demona til å le. "Soga om Fråid" gir oss eit bilete av ein flokk med personar som må finne ut korleis dei kan vere ein familie. Boka handlar òg om lengsle og draumar, og om det å ønskje seg å vere ein viktig person i ein annan sitt liv. Bøkene til Mona Høvring er omsett til mange språk, og ho har fått fleire prisar. Omtalen er utarbeidd av BS.

    FamilielivEksentriskLekentOriginaltGodt drivFølsomFabulerende

Lignende bøker:

Nestebok er utviklet av Biblioteksentralen

Savner du en bok? Be bibliotekaren din om å legge den inn på Forrigebok.no