Neste
Bok

Krigens laboratorium

Unni Eikeseth2026
VåpenTeknologisk utviklingMilitærvesenYrkesetikk

Vitskapsfolk er sentrale i dagens våpenkappløp, samstundes som dei jobbar for å redde liv på andre felt. Med klok og engasjerande penn utforskar forfattar og kjemikar Unni Eikeseth dette paradokset. Ho møter forskarar som utviklar nye våpen, og redningsarbeidarar som må handtere konsekvensane av moderne våpenteknologi. Det manglar ikkje verdsproblem å løyse i dag. Vi har avgrensa menneskelege, økologiske og økonomiske ressursar, og ei satsing på våpen vil gå ut over andre viktige område. Er det slik at ei styrking av forsvaret er vegen til fred, eller burde vi heller utforske andre måtar å bruke vitskap og teknologi på for å oppnå trygge samfunn? I denne boka inviterer Eikeseth til ein etisk refleksjon rundt kva vi brukar dei felles ressursane og kunnskapen vår på. Gjennom historiene om ulike våpentypar og vitskapsfolka som skapte dei, ser Eikeseth med kritisk blikk på det vitskaplege grunnlaget for dagens militære opprusting og tryggleikspolitikk. Ho stiller dei krevjande spørsmåla: Skal norske universitet og forskingsinstitusjonar delta i utviklinga av moderne våpen? Og kven har ansvaret når kunnskap får livsfarlege konsekvensar?

    KrigSamtidTankevekkendePopulærvitenskapeligDebattLangsomt tempoTemadrevet handling

Lignende bøker:

Nestebok er utviklet av Biblioteksentralen

Savner du en bok? Be bibliotekaren din om å legge den inn på Forrigebok.no